Om oss

Voss Lyd leverer lyd, lyd, bilde og scenetekniske produksjonar, installasjonar og produkt til den norske marknaden. Me leverer flest produksjonar på vestlandet, men tilbyr også turnéproduksjon og andre tenester over heile landet.

Me held til på Istad utanfor Voss Sentrum i retning Hardanger. Bedrifta har i dag fire faste stillingar og eit titals tilknytta teknikarar og freelancarar.

Historie
Det heile starta i 1998 då Cato Østlie stifta Voss Lydutleige.
I 2001 vart Voss Lyd etablert som aksjeselskap, og i løpet av dei neste åra auka det på med arbeid og arbeidsplassar.
I 2018 gjekk Yngve Høyland, Ørjan Borge og Torben Hilland inn på eigarsida, og bygget på Øvre Langhaugen 11 som no husar mellom anna Voss Lyd AS og Bilbruket AS vart kjøpt.

Voss Lyd har vakse og utvikla seg i takt med dei lokale festivalane, mellom anna Vossa Jazz, Ekstremsportveko og Osafestivalen. Festivalane på Voss har alltid lagt lista høgt på både programinnhald og teknisk standard, så lille Voss Lyd hadde store sko å fylle når me overtok den eine totalentreprisen etter den andre.

Det har alltid vore eit yrande musikk- og kulturliv på Voss og dette danna grunnlag for kjerneverksemda dei fyrste åra. På starten av 2000-talet vaks etterspurnaden i marknaden. Bedrifta sikra seg meir personell og kompetanse. I dag er situasjonen ein heilt annan, med prosjekt og arbeid i ein langt større region - frå Bergen og Nordhordaland til det som før var Sogn og Fjordane, austover mot Geilo og Gol samt heile Hardanger og vidare sørover mot Rogaland.

Voss er også ei stor sportsbygd, og det har vore viktig også for Voss Lyd sin del. Me har vore totalleverandør av teknikk til NM på Ski, VM i Freestyle og utallige verdenscuprenn og andre store skiarrangement.
Det lokale og regionale reiselivet har blitt ein stadig viktigare samarbeidspartner. Utbygginga av Myrkdalen Fjellandsby, nye Voss Gondol og fleire sengeplassar i Voss sentrum legg grunnlaget for større konferansar og arrangement i framtida.

Voss Lyd har vore i stabil vekst sidan oppstarten. Alle tilgjengelege midlar har konsekvent gått til å investerte i nytt utstyr, auka kompetanse og større leveringskapasitet.

I 2020 tel me 4 heiltidsstillingar i tillegg til eit titals medarbeidarar på deltids-, frilans- og prosjektbasis.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×