Voss Lyd leverer installasjonsløysingar til alle bruksområde og føremål.

reiseliv-01.png

Restaurant og uteliv

Fleksible løysingar

For bedrifter i uteliv og reiseliv er ingen dagar like - afterski ein dag, familiekafé den neste. Konferansesal på dagen, restaurant på kvelden. Dei tekniske løysingane for lyd, bilde og lys må difor vera like fleksible.

Me har erfaringa og løysingane du treng for å få tekniske løysingar som kan tilpasse seg ein stadig skiftande marknad og publium.

 

kyrkjer_inline-01.png

Kyrkjer

Akustikk

Akustikken i eit rom er avgjerande for korleis eit lydanlegg vil fungere i rommet. Difor må lydanlegget passe til både formålet, til budsjettet, og til rommet. Kyrkjer kan ha utfordrande akustiske tilhøve for talelyd, og difor er det ekstra viktig at ein tek omsyn til dette i prosjekteringa av eit nytt system. Me byggjer difor akustiske modellar av kyrkja som lar oss prøve ut ulike løysingar virtuelt, heilt utan fysiske inngrep. Dette sikrar at det ferdigmonterte systemet vil fungere som tenkt.

Verna bygg

For prosjekt i verna kyrkjer jobbar me saman med Riksantikvaren for å finne fram til gode løysingar som innfrir både dei tekniske behova og naudsynte omsyn til bygget.

Me løyser sjølvsagt alle utfordrande kabelstrekk, lakkering av høgttalarar og produksjon av spesiallaga innfestingar og andre løysingar der det er nødvendig.

Enkelt i bruk

Det skal vera enkelt å bruke eit lydanlegg i kyrkja. Me har styringsløysingar som passar til alt i frå rakettforskarar til bestemødre. De kan sjølv bli med og bestemme korleis de vil ha det. Skulle det vera behov for endringar i styring eller funksjonalitet seinare er det mogeleg å omprogrammere eller bygge ut systemet trinnvis.

Me organiserer gjerne eit besøk til kyrkjer der me har installert system før slik at du kan få eit inntrykk av kva løysingar som finst.

Me tilbyr serviceavtalar, fjernstøtte og personleg oppfølging frå prosjektleiar i innkøyringsfasen når installasjonen er sett i drift.

 

Sport_arena-01-01.png

Sport og arena

Utandørs

Me har gode og kostnadseffektive løysingar til alle typar utandørsarenaer, frå heile skistadion til fotballbanar eller lyd i alpinbakken. Me har lang erfaring med vær-og vindsikre system i alle storleikar.

Innandørs

Idrettshallar kan vera utfordrande rom å lage god lyd i. Ofte er akustikken utfordrande, og det er store publikumsområde som skal dekkast.


Behova frå ulike brukargrupper kan vera svært ulike. Kanskje treng du fleire lydsoner eller inndelingar i hallen, lyd på tribuner, i kafeteria eller garderobar.


Me har brukarvenlege og fleksible løysingar for det aller meste, og tek deg gjerne med på besøk til ein av dei ferdige installasjonane våre for å vise deg kva du kan forvente.

 

konferanse-01.png

Kurs og konferanse

Kommunikasjon

Det handlar om å sjå og bli sett, og om å høyre og bli høyrd. Våre tekniske løysingar legg til rette for tydeleg og god kommunikasjon i både små og store lokale. Teknikken skal vera fleksibel men likevel enkel i bruk. Det skal virka kvar gong, kvar dag, i mange år.

Kundestøtte

Me veit at det viktigaste for deg er at alt virkar - alltid. Og at du raskt kan få hjelp viss det ikkje gjer det. Løysingane våre er svært driftssikre og byggjer på utstyr som held høg kvalitet og har lang levetid.

Likevel kan ting gå galt, og anten det skuldast feil på utstyr, trådlause frekvensar, problem med straum eller annan infrastruktur i bygget eller rett og slett menneskeleg svikt så må problemet løysast.

Difor legg me stor vekt på tett oppfølging, god kommunikasjon og langvarige samarbeid med kundane våre. Me tilbyr gunstige serviceavtalar eller driftsavtalar som tilpassast ditt behov.

Me har løysingar for fjernstøtte som lar oss feilsøke og rette opp dei fleste problem over internett, og kort responstid på fysisk oppmøte frå serviceteknikar om det trengs.

Utanom det vanlege

Kundane dine har ulike forventingar og krav til det tekniske. Nokon er enkle og klarar seg nesten sjølv. Andre legg lista så høgt at du treng hjelp utanfrå. Til dei litt spesielle arrangementa er det difor godt å ha ein solid partner i ryggen. Vår utleigeavdeling leverer produksjonar i alle storleikar til kurs- og konferansemarknaden. Kvart år leverer me produksjonar til eit hundretals kurs- og konferansearrangement - alt i frå små underhaldningsinnslag i lunsjen, til dei storslagne og påkosta eventa som går over fleire dagar.

 

prosjektering-01.png

Korleis jobbar me

 

Skreddarsaum

Ingen prosjekt er like. Difor startar me alltid frå botnen kvar gong, slik at me saman kan finne den beste løysinga til ditt prosjekt.

Samarbeid

Me samarbeider gjerne med arkitekt, byggeleiar, elektriker og andre entreprenørar om den praktiske planlegginga og gjennomføringa.
Prosessen startar gjerne med ei synfaring på staden, eller med eit møte der me går igjennom teikningar, behov og idéar saman med deg.

Ta kontakt

Våre prosjektleiarar høyrer gjerne frå deg om ditt nye prosjekt, og kan fortelja deg meir om korleis me kan bidra.

Telefon: 56 12 32 02
E-post: post@vosslyd.no

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×