Vetlebotn Fjellstove

Vetlebotn Fjellstove er det nyaste skotet på stammen i fantastiske Myrkdalen. Me har levert ein framtidsretta lydinstallasjon til bygget.

Myrkdalen har slått seg opp som ein av dei beste og mest attraktive skianlegga og hyttebygdene i landet dei siste åra. Med Vetlebotn Fjellstove har Myrkdalen fått eit lekkert nytt tilbod til gjestene sine. Fjellstova ligg godt oppe i skianlegget og badar i sol.

I fyrste runde vert bygget nytta som ei tradisjonell "varmestove" i skianlegget, men ein ser for seg at bruken kan endra seg over tid. Det var difor viktig for utbyggaren at den tekniske installasjonen kunne utvidast i framtida.

Voss Lyd blei engasjert for å prosjektere og levere eit komplett lydanlegg til bygget, med rom for ei slik framtidig utbygging.

I fyrste trinn er systemet for bakgrunnsmusikk og tale levert. Systemet kan delast i to soner. Infrastrukturen for m.a. afterski og ulike former for event og konferanse er likevel allereie på plass no, slik at bygget i framtida kan huse alle typar arrangement utan store ombyggingar.


Eit fullt utbygd system vil bestå av totalt 28 høgttalarar, som samla gir lyd i full frekvensgang både inni- og utanfor bygget. Kabling for distribusjon og styring av videosignal til fleire skjermar er også på plass, slik at dei to fløyane i bygget i framtida kan fungere som anten eitt stort eller to mindre, uavhengige konferanserom.

Det er sjølvsagt lagt inn fiber, slik at ein kan legge til rette for møte og konferansar med både fysiske og digitale deltakarar i framtida.

Anlegget har allereie integrert full fjernstøtte, slik at våre teknikarar kan logge seg på over internett og bistå dei tilsette kjapt og effektivt ved behov for hjelp.


Me snakkast i Myrkdalen! 

 

Vetlebotn_SoMe - 1.jpgVetlebotn_SoMe - 2.jpg

Vetlebotn_SoMe - 5.jpgVetlebotn_SoMe - 8.jpgVetlebotn_SoMe - 9.jpg

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×