Tips til arrangøren

Anten du skal sette opp ein konsert, eit show, ein konferanse eller noko anna så er det mange ting som må på plass. Her har me samla nokre tips og erfaringar som kan hjelpe deg litt på veg med den tekniske produksjonen.

Kva type arrangement er det?
Ulike typar arrangement legg ulike føringar for den tekniske produksjonen:

Til ein konferanse så treng du gjerne storskjermar, videoteknikk og mange trådlause mikrofonar.
Til ein konsert så treng du kanskje eit større lydanlegg, men ikkje video. Kanskje er det ein spesiell lysrigg som artisten må ha. Kanskje er det ein rider du må sjå nærare på før du signerer.

Vår jobb er både å levere alt det tekniske som du treng, men også å hjelpe deg i planlegginga.
Planleggingsarbeidet kan vera enkelt, eller det kan vera komplekst. Uansett må du halde deg orientert:


Samle inn informasjon
Før du tek kontakt med oss bør du kartlegge kva behov dei medverkande artistane eller personane på scena treng av teknisk utstyr. Etablerte artistar har gjerne ein teknisk rider.
Det tekniske behovet legg føringar for korleis utforminga av produksjonen må gjerast. Dette kan få store utslag for både utstyr- og bemanningsbehov.

Teknisk rider:
Dersom du arrangerer ein konsert så legg gjerne artisten føringar på kva teknikk som trengs i sin tekniske rider.
Du bør skaffe deg denne og deretter få eit overslag frå oss på kostnader før du signerer kontrakt med artisten. Artistkontrakten er ofte bunden til teknisk rider og forpliktar deg som arrangør til å innfri rideren.
Dersom du signerer kontrakt med ein artist utan å forstå kostnadsbiletet rundt det tekniske så kan du fort komme i ein vanskeleg situasjon.

I mange tilfelle kan den tekniske rideren forhandlast om, og dette kan me hjelpe deg med.

Har du fleire artistar så vil det ofte vera fellesnemnarar i teknisk behov mellom desse, men som regel også skilnader. Vår prosjektleiar sin jobb er å finne dei gode løysingane som innfrir behova til alle artistane, men som likevel held totalen innanfor kostnadsramma.

Lokalet:
Spelestaden er avgjerande for korleis den tekniske produksjonen kan utformast. Det kan vera store skilnader mellom to tilsynelatande like scener av samme storleik.
Difor er det heilt nødvendig å sjå det tekniske behovet i samanheng med rommet eller staden der arrangementet skal haldast.

Her er "alt" relevant: antal publikumsplassar, takrigg og flypunkt, akustiske tilhøve, scenemål, bakscener, tepper, tilkomst for innlasting, straumtilførsel, brann og rømningsplanar og mykje meir.
Me kjenner dei fleste lokala i regionen vår svært godt. Dette kjem deg som arrangør til gode ved at me har lang erfaring med kva løysingar som fungerer best i kvart lokale.

I dei tilfella me ikkje kjenner lokalet godt nok frå før kjem prosjektleiar gjerne på ei synfaring før me lagar eit tilbod.

Tider:
Tidsrammer er kjempeviktige, men ofte vanskelege å konkretisere i forkant. Dette er ein av dei faktorane som har størst innverknad på kostnadsbiletet. I nokre tilfelle kan den tekniske produksjonen riggast, gjennomførast og riggast ned att innanfor ein vanleg arbeidsdag. Andre gonger må jobben fordelast over fleire dagar, eller ein treng fleire riggarar eller teknikarar på jobb for å klare å halde tidsskjemaet.

Tekniske prøvar, konserttider, inn- og utlastingstider, riggetider - alt dette må planleggast ut i frå reelle tilhøve for kvart enkelt arrangement. Dersom du ikkje har kontroll på tidene, så har du heller ikkje kontroll på kostnadene.
Dette er ein del av det arbeidet som våre prosjektleiarar hjelper deg med.

Rekkefølge:
Det er sjølvsagt viktig at du veit kva kostnader du har før du lanserer arrangementet.
Kostnadsbiletet ditt er avgjerande for korleis du må planlegge utgifter, inntekter, billettprisar, behov for sponsormidlar m.m.

Diverre opplever me frå tid til anna at tekniske kostnader blir stipulert i budsjettet utan å innhente reelle prisar. Då kan ein nokre gonger få ei sur overrasking når den reelle kostnaden kjem på bordet.

Me oppfordrar difor på det sterkaste at du gjer deg kjend med alle dei tekniske kostnadene for arrangementet før du lanserer det.

Teknisk produsent og prosjektstyring:
Dersom du kjenner deg usikker på alt dette kan du engasjere oss til å ta ein litt meir aktiv rolle i prosjektet ditt.

Når du engasjerer ein teknisk produsent frå oss overtek me i praksis ansvaret for å organisere deler av arrangementet.

Produsenten har ei litt meir utvida rolle enn prosjektleiaren. Der ansvaret til prosjektleiaren begrensar seg til å syte for at den delen av produksjonen som me leverer går som den skal, så vil produsenten ta hand om fleire ting og knyte saman alt det praktiske.

Den tekniske produsenten er den som jobbar ut og reviderer køyreplanar, samlar og organiserer andre tekniske leverandørar og medverkande, samkøyrer eventuell servering, talar og andre innslag i programmet, passar på tidsskjemaet undervegs og som generelt syt for at heile maskineriet er velsmurd. Produsenten sin rolle endrar seg litt ut i frå kva type arrangement og behov som melder seg, men kort oppsummert er produsenten sitt ansvar å sikre at alt er påtenkt, at alle partar er samkøyrde og at avviklinga av arrangementet går etter planen.

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×