Van Damme

Van Damme er ein av verdas mest respekterte produsentar av høgkvalitetskablar.
Produktutvalet strekkjer seg frå enkle mikrofon- og gitarkablar til fiberoptiske kablar, multisystem og spesiallaga løysingar for alt innan lyd, lys, video og kommunikasjon.

Voss Lyd har vore norsk distributør av VanDamme sidan 2009.


Produktlansering:
Silver Series er kablar som er utvikla for å endre karakteristikken i gitarlyden din med vilje.

Kva instrument passar dei til?
Kablane er utvikla spesielt til bruk med passive elektriske gitarar og bassar, akustiske pickups, kontaktmikrofonar og liknande - men ein kan altså fint kan bruke dei med alle slags instrument (til dømes dersom du treng god skjerming).

Gitarar med single coil pickups (f.eks. Fender Stratocaster) er spesielt gode kandidatar for denne kabelserien. Signalet frå slike instrument er riktig for å få maksimal effekt av den spesielle tonen desse kablane produserer. Akustiske instrument med passive pickups, kontaktmikrofonar eller LP-spelarar kan også bruke desse kablane med merkbar effekt.

Kablane endrar tonen i instrumentet fordi ein passiv pickup produserer eit svakt nok signal til at kapasitansen i kabelen blir relevant. Dersom kablane brukast med utstyr som produserer sterkare signal (t.d. gitar med aktiv preamp, keyboards) vil karakteristikken i kabelen bli mindre tydeleg, og skilnaden mellom ulike kablar blir mindre. Den eksepsjonelt gode skjerminga i denne produktserien vil uansett fungere godt, og mange musikarar vel desse kablane nettopp på grunn av det.

Skjerming:
Kablane er svært godt eigna til lange strekk mellom pedalbrett og forsterkar, spesielt i miljø med mykje elektronisk støy.

God skjerming av ubalanserte signal er viktigare enn nokonsinne - musikarar er i aukande grad omgitt av LED-lyskjelder, LED-skjermar og eit vell av trådlaust kommuikasjonsutstyr på scenen.

Variantar:
Rett valg av kabel er avhengig av lengde, bruksområde og ønska karakteristikk. Silver Series består av:

  • Lo-Cap 55: 55 p/F pr meter. Låg kapasitans gir forsiktig demping av høge frekvensar.
  • Flat-Cap 90: 90 p/F pr meter. Middels kapasitans gir medium demping av høge frekvensar.
  • Hi-Cap 125: 125 p/F per metre. Høg kapasitans gir meir demping av høge frekvensar.

Lengda på kabelen er avgjerande for den samla kapasitansen - ein Lo-Cap 55 kabel på 10 meter vil eksempelvis gi samme karakteristikk som ein 4.4m Hi-Cap 125.

Silver Series er kun for sal som ferdig terminerte kablar (ikkje metervare). Du kan likevel bestille kabelen akkurat slik du helst vil ha den - ta kontakt.

Tips!
Flat-Cap og Hi-Cap kan terminerast med Neutrik Timbre PLUG som er ein jackplugg med innebygd EQ-filter. Denne pluggen gir enno meir fleksibilitet for endring av tone, utan bruk av ekstern elektronikk eller pedalar. Lo-cap kabelen er så tjukk at den må terminerast med spesielle jackpluggar, denne fåast difor kun med rette kontaktar (ikkje vinkel).

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×