Prosjektstyring

God prosjektstyring kan løfte eit arrangement frå ordinært til eksepsjonelt. Magien ligg ofte i dei små detaljane.

Anten det gjeld ein ein konferanse for ein viktig kunde, eit event med di eiga bedrift eller kanskje ein heil festival, så kan du alltid få hjelp av oss.

Me har kreative og dyktige prosjektleiarar og produsentar som hjelper deg å sette saman knirkefrie arrangement.
Me kan bistå som rein teknisk leverandør, eller som teknisk produsent for heile arrangementet som tek ansvar for heile planlegginga. Det er opp til deg.
Skulle behovet vera der så har me også eit stort nettverk av samarbeidspartnarar som me gjerne set i arbeid for deg.

Ingen arrangement er like, og nokre visjonar krev meir arbeid enn andre. Me er der for deg uansett og hjelper med:

  • Produsenttenester
  • Programplanlegging
  • Artistar
  • Logistikk
  • Kostnadsrammer
  • Koordinering
  • Universell utforming
  • Publikumsflyt
  • Køyreplanar
  • Scenografi
  • Lysdesign
  • Showavvikling
  • Kameraproduksjon
  • Streaming
  • Videokonferanse
  • Storskjerm
  • Innhaldsproduksjon
  • Profilering

Me har lang erfaring med ulike arrangementstypar og -stader. Skal du ha konsert på toppen av eit vestlandsfjell om vinteren? Konsert på ein flåte? Kickoff i lavvoleir? Opna ein nasjonalpark? Direktelyd frå ein fallskjermhoppar? Me har gjort det meste og er alltid klare for nye og spennande eventyr. Me er kjende for å legge eindel kreative idéar på bordet sjølv også. Ta kontakt!

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×