Voss Lyd har levert lydinstallasjon på Hangurstoppen

Hangurstoppen er den største restauranten på Voss og endestasjonen for den største gondolbana i Nord-Europa.

880 meter over havet ligg Hangurstoppen Restaurant.
Bygget ligg på toppen av den nye gondolbanen, Voss Gondol, som opna i 2019.

Her er det ikkje berre rom for ein matbit, men også for konferansar, event, afterski, kick-off, vinsmaking og mykje meir. Like utanfor døra ligg landets beste skiterreng og eit velutbygd alpinanlegg.

Voss Lyd har hatt totalentreprise på lyd og bilde i bygget.

BOSE™ høgttalarflater i fleire soner leverer jamn og fyldig lyd til alle. Styring er intuitiv og enkel frå veggpanel eller trådlaust på nettbrett.

Systemet er utbygd med løysingar for fjernstyring og -support. Ved behov kan våre teknikarar logge inn på styringssystemet over internett og feilsøke eventuelle problem og programmere om systemet eller rette opp feil.

Fjernstøtte over nettet er spesielt viktig her fordi gondolen er utsett for endringar i vind- og værforhold. Dette gjer at restaurantbygget på toppen kan bli mellombels isolert frå omverda, slik at serviceteknikar ikkje kjem seg fysisk til staden. Det gjer også at responstida vår på støtte er svært kort, og ikkje minst kostnadseffektiv for kunden.

All signalgang i bygget går over Dante™ nettverk. Dette betyr at alle signal mellom lydkjelder, mottakarar, høgttalarar og anna utstyr i bygget kan koblast om utan å måtte flytte på fysiske ledningar. Denne fleksibiliteten gjer at systemet enkelt kan tilpasse seg endringar i bruksmønster og -behov over tid, heilt utan at det trengs dyre og tidkrevjande ombyggingar.

Voss Lyd har også levert video- og lydløysingar til konferanserom i bygget, der gjester kan nyta panoramautsikten over vossafjella saman med knivskarpe bilete på presentasjonar frå laserprojektoren og god lyd frå innfelte EdgeMax™ høgttalarar i taket.

Me gratulerer Hangurstoppen Restaurant med eit flott og framtidsretta system og ser fram til mange år med spennande arrangement på toppen av Voss.

 

 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×