Fjernstøtte

Interessa for fjernstøtte frå installasjonskundar er aukande.

Mange av våre installasjonar byggjer på utstyr som er kopla saman i eit nettverk.
Slike system kan byggast ut med ei fjernstøtteløysing - dette kan vera gunstig for både deg og oss.

CSP.png

Med fjernstøtte kan våre teknikarar kopla seg til systemet over internett og utføre feilsøk, omprogrammering, ruting av signal, nullstilling av komponentar og meir. Dei aller fleste problem me får melding om kan løysast over nett, heilt utan fysisk oppmøte.

Dersom det likevel er ein mekanisk eller elektrisk feil på systemet, så bidreg fjerntilkoplinga til kortare driftsstans for deg ved å sikre at vår montør har med riktige deler til reparasjonen.

Fjerntilkopling gjev oss også mogelegheit til å følge opp vedlikehald og service på utstyret ditt betre.

Sett under eitt er ei fjernstøtteløysing både trygt, kostnadseffektivt og ressursbesparande for både oss og deg.

Voss Lyd tilbyr serviceavtalar der fjernstøtte og jamnleg vedlikehald er inkludert.
Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer å vite meir om fjernstøtte og serviceavtalar.


 

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×