hjorten_band
Stacks Image 2435
Tekniske produksjonstenester er hovuddelen av verksemda vår. I løpet av året leverer me i overkant av to hundre store og små produksjonar. Utleigeverksemda vår dekker eit enormt spenn av ulike prosjekt innan både kultur- og næringsliv. Me er totalleverandør av teknikk til m.a. VossaJazz og Ekstremsportveko, Osafestivalen, Morellfestivalen, Voss Cup og ei rekkje andre årvisse festivalar i regionen.

Me leverer også knirkefrie lyd-, lys- og videoproduksjonar til event, messer, bransjetreff, konferansar, produktlanseringar og andre næringslivsarrangement.

Dei fleste prosjekta våre er produksjonar med bemanning - men du kan sjølv leiga enkle lyd- eller lysanlegg til mindre arrangement som t.d. firmafestar, bryllup, skulekonsertar, hagefestar m.m. Me leiger også ut videoteknisk utstyr som t.d. lerret, projektorar og flatskjermar. Me hjelper deg sjølvsagt å finne den riktige utstyrspakka til ditt arrangement, og gir deg ei enkel innføring i rigg og bruk av utstyret.
* Modulbaserte utescener frå 6x4 til 12x10m
* Mobilscener
* Innescener i alle storleikar
* Trygge og sertifiserte konstruksjonar
* Motortaljer og løftesystem for lys og scenografi
* PA-tårn

* Konsertlys til alle innom- og utandørsarrangement
* Lys til revy og teater
* Fasadebelysning / lyssetting av bygg ifbm markeringar
* Dekorlys og draperingar til festlokale
* Lysdesign for event, produktslepp og firmaarrangement
* Spesialeffektar

* Lydproduksjonar for alle typar arrangement
* Arenaproduksjon for sportsarrangement
* Støymåling og -loggføring
* Trådlause system for revy, teater, konsert m.m.
* Turnétenester
* Lydopptak og etterarbeid
* Lerret
* Flatskjermar
* Projektorar
* Konferanseteknikk
* Reklameskjermar
* Sponsorprofilering
* Instagramskjermar
* Storskjermar ute og inne

* Prosjektleiing
* Produsenttenester
* Arrangørrådgjeving
* Konsulenttenester