ekonn
Stacks Image 1957
Me tilbyr installasjon av lyd-, lys- og videoteknisk utstyr til alle formål. Me har brei erfaring frå ei rekke ulike bransjar og bygg - frå hotell og konferansesenter til idrettsanlegg, konsertsalar, kyrkjer, ungdomshus, butikkar, kontor, kundemottak og skular.

Me har god kjennskap til dei produkta me tilbyr og forhandlar berre kvalitetsprodukt. Hjå oss får du tekniske løysingar som er driftssikre og tilpassa både behov og ulike brukargrupper. Systema våre er fleksible, framtidsretta og likevel brukarvenlege.

Opplæring og kundestøtte får du direkte frå oss - ingen fjernsupport eller lange telefonkøar.

Me er ein liten og lokalt forankra aktør med sterkt fokus på kvalitet, sikkerheit og innovative, behovstilpassa løysingar. Våre medarbeidarar er ansvarsfulle og dyktige fagfolk med lang fartstid og god samarbeidsevne.


Ta kontakt dersom du ynskjer eit møte eller ei synfaring for å sjå på kva løysingar me kan tilby til ditt prosjekt.